top of page

TARJEI VESAAS

 

vart fødd i Vinje i Telemark 20. august 1897 som eldste son på garden Vesås. Han skulle bli bonde og fekk inga utdanning utanom 1 år på Voss Folkehøgskule. Interessa for litteratur fekk han tidleg gjennom foreldra. Då han var vaksen, valde han skrivinga som leveveg. I 1923 debuterte han med forteljinga MENNESKEBONN, men det litterære gjennombrotet kom for alvor mange bøker seinare, i 1934, med romanen DET STORE SPELET. Same år gifte han seg med Halldis Moren og flytte inn på Midtbø.

Etter debuten hadde Tarjei fått fleire stipend og reiste mykje i Europa for å lære moderne litteratur og teater å kjenne. Han skulle sjølv koma til å fornye norsk prosadikting. Då han gav ut romanen KIMEN i 1940, hadde han funne si form, sitt språk. Etter kvart fekk han ein eineståande posisjon i nordisk dikting, og bøkene hans vart omsette til fleire og fleire språk – i dag er det godt over 30. Han vann den store Venezia-prisen for novellesamlinga VINDANE (1952), og nådde dermed endå lenger ut.

Sine viktigaste og mest kjende romanar skreiv han i 60-årsalderen: I 1957 kom FUGLANE, som mange meiner er meisterverket hans. For romanen IS-SLOTTET  (1963) vart Tarjei Vesaas tildelt Nordisk Råds litteraturpris. Mange av romanane og fleire noveller er blitt teaterstykke  og film både her heime og i utlandet, og nye er under arbeid – for tida i Noreg, Frankrike, Tyskland og USA. Siste prosaboka hans var den sterkt personlege BÅTEN OM KVELDEN (1968), med eit stort mangfald av tekstar – som også blir framførte på teaterscenar i Europa. Tarjei Vesaas er vurdert som ein meisterleg novelleskrivar, ein særmerkt dramatikar og ikkje minst ein fin og viktig lyrikar som blir gjendikta til ei rekkje språk. Første diktsamlinga var KJELDENE i 1946, sidan kom det 5 store samlingar til. Den siste og kanskje den rikaste, LIV VED STRAUMEN, gjorde han ferdig like før han døydde 15. mars 1970.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

-
 

bottom of page