top of page

HALLDIS MOREN VESAAS

Halldis Moren vart fødd 18. november 1907 i Trysil, som eldste barnet til Gudrid og Sven Moren. Faren var bonde og forfattar. Etter å ha utdanna seg til lærar og mellom anna arbeidd ved den norske ambassaden i Sveits, gifte ho seg med Tarjei Vesaas og busette seg med han på Midtbø i 1934.

Halldis Moren Vesaas er ein av dei mest lesne og mest folkekjære lyrikarane i norsk litteratur. Då ho debuterte 22 år gammal med diktsamlinga HARPE OG DOLK (1929), var det høgst uvanleg at ei ung kvinne gav ut dikt. Ho hylla livet, naturen og kjærleiken med ord som nådde mange lesarar, menn som kvinner, unge som eldre. Fram til 1955 gav ho ut seks diktsamlingar til, som speglar hendingane både i privatlivet og i verda. Formspråket hennar er for det meste tradisjonelt med rim og rytme, men ho skreiv også såkalla frie vers. Innimellom diktsamlingane skreiv ho barnebøker, ein prislønt ungdomsroman, ein vaksenroman, ei novellesamling, artiklar og essay og tre biografiske bøker - ei om faren: SVEN MOREN OG HEIMEN HANS (1951), og to om samlivet med Tarjei: I MIDTBØS BAKKAR (1974) og BÅTEN OM DAGEN (1976).

I mange år tok gjendikting over for hennar eiga dikting , særleg av klassiske franske og engelske skodespel i bunden form. Dessutan tok ho på seg verv i kulturlivet både lokalt og nasjonalt. Ho fekk mange prisar for all innsatsen, bl.a. Bastianprisen, Kulturrådets ærespris og Brages heiderspris. Dei siste leveåra tok dikta til å «piple fram» på nytt, og ho gjorde ferdig samlinga LIVSHUS før ho døydde 8. september 1995.

bottom of page