top of page

Våren 1934 flytte det nygifte forfattarparet Halldis Moren og Tarjei Vesaas inn på garden Midtbø i Ytre Vinje. Der levde dei saman eit langt og rikt diktarliv, som har sett varige spor i litteratur og kultur både i inn- og utland.

Hovudhuset på Midtbø vart bygt av Øystein Talleivsson Heggjestøyl i 1859. Barnebarnet hans, rosemålaren og treskjeraren Øystein Vesaas, selde Midtbø til Tarjei Vesaas i 1930. Tarjei var odelsgut på garden Vesås, men valde å bli forfattar og sa frå seg odelen. I 1931 tilsette Tarjei  ein forpaktar på Midtbø, Olav Svalastog, som dreiv garden i 22 år. Gardane Vesås og Midtbø ligg båe i Vinje kommune. Tarjei flytte til Midtbø saman med Halldis Moren i 1934.  

Då dei nygifte flytte inn på Midtbø, var våningshuset heller ruskete og mørkt. Det hadde stått mykje tomt dei siste åra, og her var nok å ta fatt på. Men dei to var forelska, fulle av pågangsmot og sette i gang med å måle, pusse opp og byggje om. Dei fekk også lagt inn vatn og telefon, men elektrisiteten kom ikkje før i 1941. Då hadde Halldis og Tarjei for lengst blitt foreldre: Sonen Olav kom til verda på Midtbø i 1935, og dottera Guri vart fødd i Trysil i 1939.

Då andre verdskrigen var slutt, reiste Halldis og Tarjei mykje på nordiske forfattarkongressar og opplesingsferder. Nære vennskap vart knytte, og gjennom åra kom det ofte langfarande litterære venner på vitjing til Midtbø. Ikkje utan grunn vart det sagt og skrive at forfattarparet skapte «et europeisk kulturhus midt i Bygde-Norge». Midtbø vart verande heimstaden for diktarparet så lenge dei levde, og det aller meste dei skreiv er skapt der.

bottom of page